Talet på bruk av Ninox Drone er dobla på eit år

I august vart det meldt inn 2541 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar.

Ninox Drone er Avinor sitt system for handtering av dronar (Ill. foto: ©otoerres)

– Vi ser eit stadig aukande tal droneflygingar, seier Mats Gjertsen, som leiar droneprogrammet til Avinor.

– No har vi passert 12 000 registrerte brukarar i Ninox Drone, noko som er ein dobling på eit år.