Auka passasjertal utanlands, men nedgang innanlands også i juni

4,8 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juni. Dette er ein auke på to prosent samanlikna med juni i fjor.  Det er utanlandstrafikken som aukar, med heile ni prosent. Innlandstrafikken gjekk derimot tilbake med tre prosent samanlikna med juni i fjor. 

Reisande på Bergen lufthavn, Flesland (Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Passasjertal og flyrørsler 

  • 2 643 547 passasjerar reiste innanlands i juni, dette er tre prosent lågare enn i juni i fjor.  
  • Talet på reisande utanlands var 2 178 745, noko som er ni prosent høgare enn juni førre året.  
  • Det var 64 774 flyrørsler i juni. Dette er ein reduksjon på seks prosent samanlikna med juni i fjor.  


Avinors lufthamner i Noreg 

Her er totaltal per lufthamn for juni og så langt i år: 


Juni 
Hittil i år 
Lufthamn 2023 2024 Endring 2023 2024 Endring 
Oslo 2 465 000 2 550 000 3 % 11 792 000 12 395 000 5 % 
Bergen 615 000 621 000 1 % 2 996 000 3 074 000 3 % 
Trondheim 386 000 381 000 -1 % 1 949 000 1 976 000 1 % 
Stavanger 382 000 378 000 -1 % 1 885 000 1 919 000 2 % 
DSL sum 3 848 000 3 929 000 2 % 18 622 000 19 364 000 4 % 
DRL sum 909 000 930 000 2 % 4 622 000 4 955 000 7 %’ 
Avinor sum 4 757 000 4 859 000 2 % 23 244 000 24 319 000 5 % 

DSL = Dei store lufthamnene (Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger)  

DRL = Dei regionale lufthamnene (øvrige lufthamner)