logo-white

Nesten 25 prosent auke på Stord lufthamn

3.684 personar reiste over Stord lufthamn i november. Pr. utgongen av november har det reist 35.160 personar over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor er dette ein auke på 6.935 personar eller 24,6%.

17. november vart Stordflyet.no etablert og DAT aukar frå 01. desember opp frekvensen på Osloruta. Flyselskapet går frå 13 til 16 rundturar pr. veke.

Widerøes Flyveselskap AS skal flyga charter frå Stord til Molde i samband med at Kværner Stord skal ha personell til Ormen Lange prosjektet på Aukra. Flyginga startar opp 8. desember og vil truleg halda fram i ca. eit år. Det vert truleg 5 flygingar pr. veke og Widerøes skal nytta flytypen Dash 8-300 med 50 passasjerseter.

Lufthamnadministrasjonen har som mål å nå 38.000 reisande over lufthamna i 2014.

Også tala på flyrørsler er positive. Pr. utgongen av oktober har ein registrert 7.910 flyrørsler gjennom luftrommet som lufttrafikktenesta på Stord lufthamn administrerar. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 1.206 flyrørsler eller 18%.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Hele luftfartsindustrien står overfor en spennende og nødvendig transformasjon. Rundt 2035 vil såkalte nullutslippsfly med en kapasitet på rundt 75 seter begynne å komme ut på markedet, drevet av for eksempel elektrisitet og hydrogen (Fotokilde: Air France KLM)

KLM vinner pris for «Årets strategiske investering» innen bærekraft

(Foto: Jessica Claren)

20 kulinariske nyheter på svenskekysten

(Foto: Saudi Tourism Authority)

Reisetips: AIUla i Saudi-Arabia

Den nye ruteåbning vækker smil hos repræsentanter fra både airBaltic og Billund Lufthavn (Foto: Billund Airport)

airBaltic udvider i Billund Lufthavn med rute til Tallinn

The Fjords DA har motteke fleire prisar for sine tre innovative fartøy i Vision-klassen. To av desse går på Nærøyfjorden, medan det tredje fartøyet opererer i Oslofjorden. Selskapet har i tillegg aktivitet med fleire båtar i Geiranger og Hardanger (Foto: Sverre Hjørnevik)

Norway’s Best Group blir eineeigar i The Fjords