3.9 millionar på Avinors lufthamner

3 972 514 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i mars. Dette var ein auke på 21 prosent samanlikna med mars 2022. Trafikken er likevel 12 prosent lågare enn i same månad i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Talet på flyrørsler er derimot berre sju % lågare enn før pandemien.

Det var i mars ein vekst i flytrafikken på Avinors lufthamner, men tala ligg stadig under normalen frå før pandemien (Fotokjelde: Avinor)

– Flytrafikken aukar framleis samanlikna med i fjor. For dei tre første månadene samla er flytrafikken nå 15 prosent bak 2019-nivå. Det er venta at flytrafikken vil ligge under 2019-nivå resten av året. Men i månadene juni-august, ventar me at trafikken berre vil ligge omlag 5-7 prosent under nivået før pandemien, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise

– Fritidsreisande inn til Noreg er venta å være den viktigaste drivaren for utviklinga framover. Dette gjaldt også før pandemien, og er ein trend som vil halde fram. Dette er gledeleg for reiselivet, og vil i tida som kjem bli eit stadig viktigare eksportområde for Noreg. Akkurat nå er den svake krona også ein viktig drivar her, held Riise fram.

– Dei samla passasjertala for året vil truleg ende om lag 8-10 prosent lågare enn i 2019. Det er knytt usikkerheit til dette mellom anna som følgje av internasjonal uro og usikker effekt av redusert kjøpekraft blant forbrukarar i Noreg og ute i verda, avsluttar Riise.

Flyrørsler

Det var 53 376 kommersielle flyrørsler i mars 2023. Dette er ein auke på åtte prosent frå mars 2022. Om ein samanliknar med mars i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på sju prosent.

Trafikken utanlands

1 412 695 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i mars. Same månad i fjor reiste i underkant av ein million passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands har auka med 43 prosent samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.

Om ein samanliknar med 2019, er det 17 prosent nedgang i utanlandstrafikken i mars månad.

Trafikken innanlands

2 513 418 reiste innanlands i mars. Det er 12 prosent fleire enn i mars i fjor.

Samanlikna med mars 2019 har det vore ein nedgang på 10 prosent.

Hittil i år

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 15 prosent bak normalåret 2019.

Her er passasjertala i mars frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene samanlikna med 2022:

MarsHittil i år
Lufthamn20222023Endring20222023Endring
Oslo1 559 0001 980 00027 %3 442 0005 186 00051 %
Bergen438 000494 00013 %1 023 0001 323 00029 %
Trondheim294 000342 00017 %648 000899 00039 %
Stavanger261 000321 00023 %581 000843 00045 %
DRL739 000836 00013 %1 725 0002 189 00027 %
Avinor3 290 0003 973 00021 %7 419 00010 441 00041 %

Samanlikna med 2019:


Mars
Hittil i år
Lufthamn20192023Endring20192023Endring
Oslo2 329 0001 980 000-15 %6 283 0005 186 000-17 %
Bergen510 000494 000-3 %1 376 0001 323 000-4 %
Trondheim378 000342 000-9 %1 017 000899 000-12 %
Stavanger359 000321 000-11 %969 000843 000-13 %
DRL949 000836 000-12 %2 575 0002 189 000-15 %
Avinor4 525 0003 973 000-12 %12 220 00010 441 000-15 %