Vinterturismen pregar talet på reisande i januar: – Er i sterk vekst

3,6 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i januar. Det er ein auke på 3 prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken skuldast mellom anna fleire internasjonale reisande.

Norsk vinter trekkjer til seg fleire utanlandsreisande (Foto: Øystein Løwer/Avinor)

I januar reiste over 1,4 millionar utanlandsreisande gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på seks prosent samanlikna med januar i fjor. Tala viser at trenden vi har sett dei siste åra, med aukande vinterturisme til Noreg, held fram inn i 2026.

– Året startar med ein auke i det samla talet på reisande, og det er dei utanlandsreisande som bidreg sterkt til utviklinga i januar. Det er dei nordlegaste lufthamnene som bidreg mest totalt, og Noreg som vinterdestinasjon er i sterk vekst, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Val av destinasjonar viser at noko har endra seg i marknaden den siste tida.

– Vi opplever at fleire delar av landet byrjar å ta tydelegare posisjonar i denne marknaden, og riggar seg for utvikling innan internasjonal vinterturisme, seier Skallerud Riise.

(Kilde: Avinor)

Talet på innanlandsreisande er framleis størst. I januar dette med ein prosent, med totalt 2,1 millionar reisande. Totalt reiste 3,6 millionar gjennom Avinors lufthamner i årets første månad.

Flyrørsler

Når det gjeld flyrørsler, vart det registrert 47.778 kommersielle flyrørsler i årets første månad. Dette er ein auke på ein prosent samanlikna med januar 2025.

– Vi ser ein større auke i talet på passasjerar enn i talet på flyrørsler. Det tyder at dei flya som opererer på lufthamnene våre, held fram trenden med å ha fleire passasjerar om bord på kvar flyging.

Auke i droneaktiviteten

I januar vart det registrert 1742 droneflygingar.

– Vi ser ein stor auke i talet på droneplanar, med ein auke på 20 prosent i januar samanlikna med same månad i fjor. Det er likevel ein del færre registrerte droneflygingar enn i sommarhalvåret. Det skuldast at veret i januar gir lågare droneaktivitet, seier Mats Gjertsen Bye, leiar for Avinor sitt droneprogram.

Gjertsen Bye seier det er bra at fleire driv med ansvarleg dronebruk og vel å fly på ein trygg og synleg måte.

Nøkkeltal for januar 2026:

  • 3,6 millionar passasjerar (+3% frå januar i 2025)
  • 2,1 millionar innanlands (+1%)
  • 1,4 millionar utanlands (+6%)
  • 47 778 flyrørsler (+1%)
  • 1742 droneflyvningar (+20%) 


For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjane: AVINORDRONERFLYPLASSERFLYTRAFIKKPASSASJERSTATISTIKKERSAMFERDSLE

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

<span data-metadata=""><span data-buffer="">Ent innlegg

(Foto: Ticket AdobeStock )

Vårens storbyreiser øker – London på topp

(Foto: Widerøe)

Widerøe lanserer nye ruter og øker kapasiteten for sommersesongen 2026

(Foto: Qatar Airways)

Qatar Airways gjenopptar flyvningene til over 150 destinasjoner

Formatet på Norwegian Travel Workshop fungerer på samme måte som speed dating – det er 15 minutter satt av til hvert enkelt møte (Foto: Innovasjon Norge)

Norge selges til verden i Lofoten – Bergen blir neste

(Foto: Icelandair)

Er du en dårlig fotograf? Da kan du få en halv million kroner fra Icelandair for å fotografere flyselskapets nye globale reklamekampanje