logo-white

Ventar turiststraum til Vestlandet

– Reiseliv ser lysande ut, og vi har nesten 100 prosent belegg på hotell i Flåm! Det seier konsernleiar i Norway’s Best Group, Per Brochmann. Verksemda hans nyt godt av at den svake krona har gjort Noreg billig for turistane, medan det er krevjande tider for breidda av bedrifter på Vestlandet.

Sommernatt - Bjørnafjorden - Os- Hordaland - Vestland fylke
Sommernatt i Bjørnafjorden syd for Bergen (foto: ©otoerres)

– Vi ser effekten av den svake krona. For ein amerikanar er det 20 prosent billigare å feriere i Flåm no enn for fem år sidan, på grunn av valutaen. Samtidig gjer dei fleste nordmenn som under pandemien,- dei legg ferien til Noreg! – fortel Per Brochmann, som er konsernleiar i Norway’s Best Group, eit reiselivskonsern som i eit normalår omset for rundt ein milliard kroner og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette. 

Nesten fullbooka

– For den komande sesongen ser det veldig bra ut både for Flåmsbanen, hotella i Flåm, og The Fjords, som er dei elektriske båtane våre på Nærøyfjorden Det er nesten 100 prosent belegg på hotell, og vi er opp 10 – 15 % målt mot før- pandemiåret 2019. Også i fjelldestinasjonen Myrkdalen går det bra. Der har vi lagt bak oss den tredje beste sesongen gjennom tidene, seier han. 

Optimismen rimar med tal frå den ferske Vestlandsindeksen, som viser at overnattings- og serveringssektoren er ei av få bransjar som har betre tru på framtida. Margunn Aas Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest møter mange optimistiske kundar frå denne bransjen. 

– Fleire av kundane til Sparebanken Vest melder om fulle bøker gjennom heile sommaren, ja faktisk langt ut på hausten. Kundane opplever at turistane strøymer på fordi Noreg har blitt eit billigare reisemål enn tidlegare. Turistane ser også på Noreg som eit fredeleg og roleg hjørne i ei turbulent verd, seier ho. 

(kilde: vestlandsindeksen/sparebanken vest)

Ein utsett bransje

Vestlandsindeksen viser at bransjen har hatt store svingingar siste åra, med ein dramatisk botn under pandemien, og fleire opp- og nedturar sidan.

– Overnatting- og servering er ein volatil bransje som har hatt svært store svingingar sidan pandemien. No er vi ved starten av ein sesong som ser ut til å gi svært god aktivitet, seier Minne. 

Også eksportbedrifter dreg nytte av den svake krona, men Vestlandsindeksen viser at det breie laget av bedrifter framleis har vanskelege tider. Resultatindeksen på 56, 1 poeng er framleis på eit lågare nivå enn det historiske gjennomsnittet, og også forventningane er lave og fell tilbake til 57,1 poeng. Det er særleg stigande kostnader som bekymrar bedriftene. 

(kilde: vestlandsindeksen/sparebanken vest)

Stigande kostnader bekymrar 

– Det er utfordrande for bedriftene å framleis vere lønsame når kostnadene aukar så raskt. Lønsforventningane er svært høge på kostnadssida, og den svake krona forsterkar ein allereie utfordrande høg prisvekst, seier Kjetil Benson, som er leiar for Markets i Sparebanken Vest.

Tre av fem bedrifter som aukar utsalsprisane gir auka lønskostnader som grunn, medan heile ni av ti viser til høge innkjøpsprisar. 

(kilde: vestlandsindeksen/sparebanken vest)

Benson forklarer at sjølv om bedriftene set opp utsalsprisane, så er det ikkje nok til å ta igjen auken i kostnader. 

– Svært mange av varene og innsatsfaktorane er importerte frå utlandet. Når krona svekkjer seg så raskt, så må prisane opp på importerte produkt. Bedriftene ber noko av denne nedsida sjølve, då dei ikkje klarer å prise seg opp like mykje som kostnadene aukar. Motstykket er norske bedrifter som eksporterer, for dei får tilsvarande gunstige tilhøve med ei svak krone, seier han.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

MS Maud, her ved Senja,  skifter i høst navn til MS Midnatsol og det tradisjonsrike navnet blir igjen å se langs kysten fra november i år (Foto: Tommy Simonsen / Hurtigruten)

Tradisjonsrike MS Midnatsol tilbake langs kysten fra november

(Foto/Illustrasjon: Amadeus)

Digital identitet skaper bedre reiseopplevelser

(Foto: Apollo Rejser)

Apollo lancerer rejser til Gambia

Bilskade - Personbil - Høyre side - If

Bilister bulker fordi de ikke følger vikeplikten

Boeing 737MAX8 - Elsa Beskow - Norwegian Air Shuttle

Premiär för direktflyg till Palma från Stockholm Skavsta Airport