
Stor utanlandstrafikk i sommar

4,9 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er ein auke på tre prosent samanlikna med juli i fjor. Ein stor del av veksten kjem av utanlandske turistar til Noreg. Det samla talet på flygingar er tilnærma uendra samanlikna med fjoråret.

Det er utanlandsdelen av persontrafikken som aukar, med heile sju prosent. Innlands persontrafikk gjekk tilbake med ein prosent samanlikna med juli i fjor.
– Juli-trafikken på utland har vore sterkare enn det vi forventa ved inngangen til sommaren. Det er tydeleg at både nordmenn som søkjer varmare strok og utanlandske turistar som søkjer “kjølegare opplevingar”, har gitt god vekst, seier direktør for trafikkutvikling i Avinor, Gaute Skallerud Riise.
– Sjølv om vêrsjuke nordmenn utgjer ein del av veksten, ser det ut til at veksten i enda større grad er driven av utanlandske turistar. Det er ein trend vi reknar med vil halde fram i åra som kjem, seier Riise.

Riise forklarar at nedgangen blant innanlands reisande i stor grad skuldast ein reduksjon i talet på flygingar, som igjen har ført til eit mindre tilbod i marknaden.
– Dette har vore ei utvikling som har gått over fleire månader, der innanlandsmarknaden har hatt ei svak utvikling sett opp mot fjoråret, men det positive ved dette er at flya som flyg er fullare enn før, held Riise fram.
Passasjertal og flyrørsler
- 2 242 188 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er ein prosent færre enn i juli i fjor.
- Talet på reisande utanlands var 2 696 625, noko som er sju prosent høgare enn juli førre året.
- Det var 62 092 flyrørsler i juli. Dette er meir eller mindre likt som i fjor, med ein endring på 0 prosent.









