logo-white

Sommartrafikken er i gang – om lag på same nivå som juni i fjor

4,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juni. Dette er to prosent fleire enn i juni i fjor, men åtte prosent færre enn juni i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Det har vore om lag 70.000 flyrørsler i mai, fire prosent over juni i fjor.

Oslo lufthavn Gardermoen (foto: ©otoerres)

– Sjølv om passasjertala framleis er lågare enn før pandemien, har juni vore månaden med flest reisande i år, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise. 

– Det samla talet på reisande aukar i juni samanlikna med juni i fjor, med fleire reisande både innanlands og utanlands. Utanlandstrafikken er den viktigaste drivaren for den positive utviklinga og eit teikn på nordmenn si reiselyst inn i sommarferien, men og eit teikn på kor attraktivt Noreg er som reisemål.  

– Juni er den travlaste månaden, med flest reisande på Avinor-flyplassane. Det er framleis høgt trykk på innanlandstrafikken, og nordmenn startar sommarferien sin.  I denne krevjande perioden har Avinor opplevd god drift med høg regularitet og punktlegheit, noko som syner at alle involverte aktørar  har vore godt førebudd for sommaren, seier Riise.

Flyrørsler 

Det var 68 218 kommersielle flyrørsler i juni 2023. Dette er fire prosent fleire enn i juni i fjor. Om ein samanliknar med juni i 2019, har det vore ein auke i talet på flyrørsler på ein prosent. 

Passasjertal 

2 715 790 passasjerar reiste innanlands i juni. Dette er ein prosent fleire enn i juni 2022. Trafikken utanlands, med 1 992 279 passasjerar, har auka med fem prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 13 prosent lågare enn i juni 2019. 

Hittil i år samanlikna med 2019 

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 12 prosent bak normalåret 2019. Talet på flyrørsler så langt i år er sju prosent bak 2019. 

Dronerekord, men også mykje ulovleg droneflyging

I juni vart 1889 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone

– Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 150 prosent samanlikna med juni 2022, og det høgste talet sidan starten av programmet i 2020, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.

– Så langt i år er auken 114 prosent sett mot fjoråret.

– Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Vi oppfordrar alle til å sette seg inn i regelverket før dei flyr. Vi viser til www.avinor.no/droner kor reglane kjem tydeleg fram, seier Knutsen.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

1,9 millioner nordmenn skal til utlandet i sommer (Fotokilde. Fremtind)

Dyrtid: Forsikringen dekker ikke kalde reiseføtter

(AI-generert illustrasjon)

Hvordan luftfotografering revolusjonerer kunst og design

(kilde: travelmarket.dk)

Prisfald på flybilletter til oversøiske rejsemål

(Fotokilde: BWH Hotels)

Velkommen til mathotellet i Steinkjer

(Foto: Eva Darron på Unsplash)

Slik finansierer du reisene dine ved å spille nettpoker