logo-white

Rekordtidleg sesongopning i Myrkdalen

Myrkdalen Fjellandsby opna deler av skisenteret laurdag 18. november. Det er ein av dei tidlegaste sesongopningane nokosinne.

Rekordtidleg opning av skisesongen i Myrkdalen (Foto: Norway’s best / Chris Baldry)

– Komande laurdag, 18. november, opnar me delar av skisenteret, og me er veldig glade for å kunna invitera gjestene våre på ski allereie no, sa John Ivar Norheim, dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheisar før laurdagens opning.

Fire heisar opnar

– Myrkdalen er kjent for å vera snøsikker og no siktar me på at skiheisane går heilt fram til mai, fortel Norheim vidare.

– Så langt i år har det kome lite natursnø, både i Myrkdalen og på Vestlandet elles, men så fort det blei kaldt nok heiv me oss rundt og starta snøkanonene.

Trass relativt milde vêrforhold har fjellandsbyen klart å produsera nok kunstsnø til å opna følgjande heisar og løyper:

  • Myrkdalsekspressen og løype 1
  • Badnabakken
  • Mikkeltrekket
  • Mikkelinetrekket

Begrensa kapasitet

Med desse løypene er det rigga for skimoro for både store og små, men Norheim avsluttar med eit ynskje til gjestane:

– Ver merksam på at det er begrensa kapasitet og lite snø utanfor løypene. Tenk på eiga og andre sin sikkerheit ved å køyra etter forholda og halda avstand til snøkanoner, slangar og leidningar.

Ut november er det ope laurdagar og søndagar frå kl. 09.30 – 15.30, men frå 1. desember går heisane kvar dag.

Les også: Storhaugekspressen i MyrkdalenNye leilegheitsbygg i MyrkdalenAurland Ressursutvikling + Myrkdalen Fjellandsby= En av Norges største reiselivsaktører

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto/Illustrasjon: Amadeus)

Digital identitet skaper bedre reiseopplevelser

(Foto: Apollo Rejser)

Apollo lancerer rejser til Gambia

Bilskade - Personbil - Høyre side - If

Bilister bulker fordi de ikke følger vikeplikten

Boeing 737MAX8 - Elsa Beskow - Norwegian Air Shuttle

Premiär för direktflyg till Palma från Stockholm Skavsta Airport

(Foto: Serneke/Strawberry)

Sjekk ut og sjekk inn – disse nye hotellene åpner i Sverige i 2024!