logo-white

Oslo lufthamn med flest passasjerar i Skandinavia i 2022

Oslo lufthamn var i 2022 den største lufthamna i Skandinavia, om ein måler talet på reisande. Totalt 22.460.000 reiste til og frå den norske hovudflyplassen siste år. På dei neste plassane kom Københavns lufthamn Kastrup med 22.143.135 og Stockholm Arlanda med drygt 18 millionar reisande.

Frå Oslo lufthamn Gardermoen (biletekjelde: avinor oslo lufthavn)

Konserndirektør store lufthamner i Avinor, Stine Ramstad Westby, fortel kvifor:

– Årsaka er at Oslo lufthamn har vore raskare til å hente attende passasjertrafikken enn dei andre flyplassane. Vi har søkelys på kva Oslo lufthamn betyr for Oslo-regionen og for Noreg. Luftfarten er viktig både for næringsliv og privatpersonar, og difor er vi nøgde med denne utviklinga.

Westby seier vidare:

– Oslo lufthamn var den mest punktlege flyplassen av dei største i Europa i 2022. Avinor arbeider tett saman med våre partnarar, mellom andre fly- og bakkeselskapa. Alle medarbeidarane på Oslo lufthamn, som arbeider døgnet rundt for å få flya av garde, har bidratt til dei gode resultata.

– Det har vore ei spanande utvikling i Oslo dei siste åra, som har blitt lagt merke til i inn- og utland.

Talet på besøkande har tatt seg opp etter pandemien. Ein viktig faktor for denne gode trenden er ein velfungerande hovudflyplass med god tilgjengelegheit.

– Vi opplever at den innsatsen Avinor har lagt ned for å gjere Oslo lufthamn til den største i Skandinavia har vore særs viktig, og heilt avgjerande for heile besøksnæringa, seier administrerande direktør i VisitOslo, Christian Lunde.

Kvifor samanlikne med 2019?

2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.

Tabellen nedanfor syner at skilnaden er stor frå flyplass til flyplass. Oslo lufthamn har flest passasjerar, og påverkar naturleg nok dei samla tala.

Her er passasjertal på dei største lufthamnene samanlikna med 2019:

Desember
Lufthamn20192022Endring20192022Endring
Oslo2 000 0001 693 000-15 %28 573 00022 460 000-21 %
Bergen450 000436 000-3 %6 436 0005 927 000-8 %
Trondheim298 000284 000-5 %4 375 0003 780 000-14 %
Stavanger310 000277 000-11 %4 302 0003 575 000-17 %
DRL*756 000698 000-8 %10 620 0008 988 000-15 %
Avinor3 815 0003 387 000-11 %54 307 00044 729 000-18 %
(kjelde: avinor)

*DRL står for “divisjon regionale lufthamner”

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Qatar Airways)

Hamad International Airport kåret til “Verdens Beste Flyplass” under Skytrax World Airport Awards 2024

(Bilde/illustrasjon: apollo reiser)

Apollo lanserer nye reiser til «Destinasjon Ukjent»

Radisson Hotel & Conference Centre Oslo Airport har 52 moderne og fleksible møterom (Foto: Radisson Hotel Group)

Erfaren hotelldirektør vender tilbake til Oslo Lufthavn Gardermoen

Røst lufthavn (Foto: Øystein Løwer/Avinor)

Daniel Østensen ny lufthavnsjef for Røst og Værøy