Moderat passasjerauke i oktober – vekst på utland inn i vintersesongen

4,8 millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i oktober. Dette er ein auke på to prosent samanlikna med same månad i fjor. Hittil i år har trafikken auka med tre prosent.

4.8 millionar reiste over Avinors lufthamner i oktober 2025 (Foto: Avinor)

Det var 2,8 millionar innanlandsreisandepassasjerar i oktober. Desse utgjorde ein vekst på to prosent samanlikna med oktober i fjor. For årets ti første månader er veksten på tre prosent.

Utanlandstrafikken utgjorde 1,9 millionar passasjerar i oktober, ein auke på én prosent frå oktober i fjor.

Når det gjeld flyrørsler, vart det registrert 57 023 kommersielle flyrørsler i oktober – ein auke på éin prosent frå året før. Totalt hittil i år har det vore 534 068 flyrørsler, som er to prosent fleire enn på same tid i fjor. Oktober er tradisjonelt ein månad med stabil trafikk, og årets tal stadfestar dette med ein moderat vekst.

– Haustferien bidrog til jamn aktivitet, men utan dei store utslaga samanlikna med fjoråret, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Overgang til vintersesong

Den siste helga i oktober starta vinterprogrammet, som markerer overgangen til ein periode med lågare reiseaktivitet. For perioden november til mars ventar Avinor ein samla vekst på om lag én prosent samanlikna med same periode i fjor. Veksten blir driven av utanlandstrafikken, som er venta å auke med rundt tre prosent, medan innanlandstrafikken er venta å gå ned med nær én prosent.

– Vi ser ein tydeleg trend der talet på utanlands-reisande held fram med å vokse, medan talet på innlands-reisande flatar ut. Dette gir ein samla vekst på rundt 0,8 prosent for vintersesongen, seier Riise

– Reiselivet på Austlandet har betydeleg kapasitet i vintermånadene, og innkommande turisme kan bidra til å jamne ut sesongsvingingane. Eit tett samarbeid med flyselskaper,  næringsliv og det offentlege, for å løfte vinterturismen, er eit viktig satsingsområde for Avinor framover, understrekar Riise.

Nøkkeltal for oktober:

4,8 millionar passasjerar (+2 % frå oktober i fjor)

2,8 millionar innanlands (+2 %)

1,9 millionar utanlands (+1 %)

57 023 flyrørsler (+1 %)

Hittil i år: +3 % passasjervekst, +2 % flyrørsler

For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: AVINORFLYPLASSARLUFTHAMNERPASSASJERSTATISTIKSAMFERDSLE