
Framleis vekst i passasjertrafikken

Fire millionar passasjerar reiste til, frå og over Avinor sine flyplassar i november. Dette er ein auke på fem prosent samanlikna med november i 2023. Også så langt i år er auken fem prosent, samanlikna med same periode i 2023.

– Passasjertala i november er prega av ein auke på heile 12 prosent utanlands. Samtidig er veksten innanlands utelukkande driven av reiser utanlands altså tilslutningsreiser mellom inn- og utland. Innanlandsmarknaden i seg sjølv er svakt ned mot november i fjor (-1%). Dette er eit teikn på den aukande interessa for Noreg som reiselivsdestinasjon, og på at nordmenn held fram med å prioritere utanlandsreiser i ein tid der mange har ein strammare privatøkonomi, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
– Trenden med fullare fly held fram. November er månaden med sterkast vekst i fyllingsgrad så langt i år, med heile 3,5 prosentpoeng auke frå same månad i fjor. Dette er ein trend som har gått føre seg over mange år, og som er betydeleg forsterka dei siste to åra. Trenden er positiv både for utnyttinga av infrastrukturen, men og i eit utsleppsperspektiv.
Flyrørsler
Det var 49 824 kommersielle flyrørsler i november. Dette er to prosent færre enn i november i fjor. Så langt i år er det éin prosent færre flyrørsler samanlikna med same periode i 2023.
Tal for dei største lufthamnene
(DSL = dei store lufthamnene) og samanlagt-tal for dei mindre (DRL= dei regionale lufthamnene) i november:
| November | Hittil i år | |||||
| Lufthamn | 2023 | 2024 | Endring | 2023 | 2024 | Endring |
| Oslo | 1 861 000 | 1 967 000 | 6 % | 23 415 000 | 24 551 000 | 5 % |
| Bergen | 497 000 | 502 000 | 1 % | 5 903 000 | 6 086 000 | 3 % |
| Trondheim | 331 000 | 336 000 | 2 % | 3 715 000 | 3 751 000 | 1 % |
| Stavanger | 325 000 | 317 000 | -2 % | 3 667 000 | 3 690 000 | 1 % |
| DSL sum | 3 013 000 | 3 122 000 | 4 % | 36 700 000 | 38 079 000 | 4 % |
| DRL sum | 775 000 | 857 000 | 11 % | 8 849 000 | 9 523 000 | 8 % |
| Avinor sum | 3 788 000 | 3 979 000 | 5 % | 45 548 000 | 47 602 000 | 5 % |











