logo-white

Nå kan fleire reise gratis med ferja

– I dag vert reisekvardagen fleire stader litt enklare, med gratis ferje. Ferja er mange stader livsnerven i samfunnet. Her er halverte takstar og gratis ferje eit viktig tiltak for å lette kostnadene, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Frå og med 16. august kan du reise gratis med MF Vollsøy i ferjesambandet Mekjarvik – Kvitsøy i Rogaland, samt i 15 andre ferjesamband i Noreg (Foto: Dfly.no)

Regjeringa har brukt 420 millionar kroner til gratis ferje og til å redusere takstane til 50 prosent samanlikna med takstane 1. januar 2021. Dette kjem i tillegg til dei midlane som allereie har vore brukt til å redusere ferjetakstane.

Det legg til rette for at ferjer til øyer og andre samfunn utan veg til fastlandet frå 16. august kan bli gratis.

– Ei målsetting i Hurdalsplattforma var gratis ferje til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Det har vi no lagt til rette for, seier Jon-Ivar Nygård.

Jon-Ivar Nygård - Statsråd - Politiker - AP
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. (Foto: Jakob Vorren/SD)

Desse ferjene vert gratis

Regjeringa har lagt til rette for at fylkesvegferjesambanda nedanfor kan bli gratis frå 16. august, og fylkeskommunane har fylgt opp med å vedta takstreduksjonar slik at desse sambanda vert gratis.

FylkeSamband
AgderLaunes – Kvellandstrand
Møre og RomsdalAukra – Hollingsholmen
Møre og RomsdalBrattvåg – Dryna
Møre og RomsdalEdøya – Sandvika
Møre og RomsdalSolholmen – Mordalsvågen
NordlandFestvåg – Misten
NordlandForøy – Ågskardet
NordlandHorn – Andalsvåg
NordlandSandnessjøen – Dønna – Løkta
NordlandSøvik – Herøy
RogalandMekjarvik – Kvitsøy
RogalandVassøy
Troms og FinnmarkStornes – Bjørnerå
TrøndelagLevanger – Hokstad
TrøndelagØlhammeren – Seierstad
VestlandKrokeide – Hufthamar

Oversikt over kva for riks- og fylkesvegferjesamband som blir gratis 16. august og som har blitt gratis tidlegare finns HER

Reduserte takstar

Det er fylkeskommunane som ut frå lokale forhold vurderer om dei vil redusere takstane på ferjesambandane på fylkesveg.

Som eit eksempel på kva dette kan bety for dei reisande: Ein pendlar som kvar arbeidsdag reiser tur/retur med ferje mellom Molde og Vestnes i Møre og Romsdal med ein bensin-/dieselbil med AutoPASS-avtale vil spare om lag 18 000 kroner i 2023 samanlikna med det nivået som gjaldt 1. januar 2021.

Les også: 59 millionar kroner ekstra til gratis ferjer (mai 2022)

Fleire relaterte nyhende og artiklar finner du HER og HER

Kvitsøy - kommune - Rogaland
Kvitsøy ligg i Boknafjorden nord for Stavanger og er Noregs minste kommune areal og har omlag 500 innbyggere – landets nest minste (bilde: ©otoerres)
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(kilde: travelmarket.dk)

Prisfald på flybilletter til oversøiske rejsemål

(Fotokilde: BWH Hotels)

Velkommen til mathotellet i Steinkjer

(Foto: Eva Darron på Unsplash)

Slik finansierer du reisene dine ved å spille nettpoker

British Airways celebrates 70 years of flying to Chicago (photosource: ba.com)

As it celebrates 70 years of flying to Chicago, British Airways proves its commitment with third daily service and enhanced customer experience

(AI-generert illustrasjon)

Luftfotografi i hjemmet: En ny dimensjon av kunst og estetikk