logo-white

Flytrafikken framleis under normalen

3.269.370 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i februar. Dette var ein auke på 45 prosent samanlikna med februar 2022. Sjølv om det var ein auke i passasjertala samanlikna med februar 2022, er tala 16 prosent lågare enn i same måned i 2019.

Norwegian-737-300-Hardangerfjorden-Folgefonna
Hardangerfjorden og Folgefonna sett frå Norwegians rutefly mellom Bergen og Stavanger (foto: ©otoerres)

– Flytrafikken i februar er i tråd med prognosane våre frå i haust. Sjølv om det er veldig mange fleire som reiser enn i fjor, ligg februartala framleis 16 prosent etter 2019*. Det er venta at flytrafikken vil liggje under 2019-nivå også resten av året, og at for året som helhet er vi på ca 91 prosent av 2019-nivå, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Det er skilnader frå lufthamn til lufthamn. Oslo hadde meir enn 1,6 millionar passasjerar i februar, dette er 19 prosent under tala i februar 2019. Om ein ser på Bergen lufthamn ligg tala berre fire prosent bak 2019. Den hovudsaklege årsaka til dette er Widerøe si satsing i Bergen, og slusing av passasjerar over Bergen som knutepunkt.

– Også Stavanger og Trondheim er nærare 2019-nivå enn Oslo lufthamn. Men Oslo lufthamn har størst volum, altså flest passasjerar, og har difor størst påverknad på dei totale tala for Avinor, forklarar Riise.

Skallerud Riise har tru på sommartrafikken:

– Det er særskild utanlandstrafikken som trekk ned volumet, mens innalandstala har henta seg betre inn etter pandemien. Sjølv om det er lenge til sommaren, er det mykje som tydar på at vi vil sjå at denne skilnaden kjem til å halde fram. Vi ventar at innanlandstrafikken vil vere bortimot på 2019-nivå i sommermånadene, før han fell noko tilbake utover hausten. Vi ventar og at utanlandstrafikken gradvis hentar seg vidare inn framover, sjølv om han er venta å liggje eit stykke under sommertrafikken i normalåret 2019, avsluttar Riise.

Flyrørsler

Det var 49.893 kommersielle flyrørsler i februar 2023. Dette er ein auke på 15 prosent frå februar 2022. Om ein samanliknar med februar i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 13 prosent.

Trafikken utanlands

1.191.693 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i februar. Same månad i fjor reiste vel 700.000 passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands har auka med 70 prosent samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.

Om ein samanliknar med 2019, er det 20 prosent nedgang i utanlandstrafikken i februar.

Trafikken innanlands

2.038.645 reiste innanlands i februar i år. Det er 35 prosent fleire enn i februar i fjor.

Samanlikna med februar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent. 

Her er passasjertala frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene, samanlikna med 2022:


Februar
Hittil i år
Lufthamn20222023Endring20222023Endring
Oslo1 043 0001 628 00056 %1 882 0003 206 00070 %
Bergen313 000415 00033 %585 000829 00042 %
Trondheim193 000284 00048 %355 000556 00057 %
Stavanger173 000261 00051 %320 000523 00063 %
DRL529 000681 00029 %986 0001 354 00037 %
Avinor2 250 0003 269 00045 %4 128 0006 468 00057 %

Her er passasjertala frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene, samanlikna med 2019:


Februar
Hittil i år
Lufthamn20192023Endring20192023Endring
Oslo2 004 0001 628 000-19 %3 954 0003 206 000-19 %
Bergen434 000415 000-4 %867 000829 000-4 %
Trondheim322 000284 000-12 %639 000556 000-13 %
Stavanger301 000261 000-13 %610 000523 000-14 %
DRL822 000681 000-17 %1 626 0001 354 000-17 %
Avinor3 884 0003 269 000-16 %7 695 0006 468 000-16 %

*Kvifor samanlikne med 2019?

2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Opel Astra Sports Tourer er en rimelig familiebil som gjorde det godt i NAFs familibiltest (foto: NAF)

Seks av 10 barnefamilier vil ha elbil

Royal Beach Club Collection vil tilby en kombinasjon av opplevelser for alle, fra slående strender og bassenger til bassengbarer, en rekke spisesteder  som restaurant, bar og salong, samt et gatemarked pluss praktiske opplevelser som tequila smaksprøver og matlagingskurs (Foto: Royal Caribbean)

Lanserer ny destinasjon i Mexico: Royal Beach Club Cozumel

Mormor och barnbarn på tåget (Bildkälla: SJ.se)

SJ släpper sommarens biljetter

(Foto: Emmie Bolmstedt/Visit Sweden)

En «swifties» guide til Stockholm

Illustrasjon - Nye Bodø lufthavn - Avinor - 2021

HENT tildelt milliardkontrakt på Nye Bodø lufthavn