logo-white

Fleire reiste over Avinor sine lufthamner

4,8 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er 15 prosent fleire enn i juli i fjor, men fem prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

4.8 millionar nytta Avinor sine lufthamner i juli 2023 (Foto: Avinor / Øystein Løwer)

– Vi har hatt litt fleire reisande i juli enn i juni, og juli går dermed inn som månaden med flest reisande i år, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Kombinasjonen av jobb- og feriereiser gjer at juni som oftast er månaden med mest trafikk, men i år ser vi at juli har litt høgare volum. Juli er i langt større grad prega av ferietrafikk, og samanlikna med juni har innanlandsreiser gått litt ned, medan utanlandsreiser har gått opp.

– At juli i år er månaden med høgast trafikk, til skilnad frå 2019, kan nok kome av at ferie- og fritidsreiser har henta seg inn att mykje sterkare enn arbeidsreiser, og då kjem toppen i juli framfor i juni, seier Riise.

Passasjertal

2 268 000 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 17 prosent fleire enn i juli 2022. Trafikken utanlands, med 2 528 342 passasjerar, har auka med 14 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis åtte prosent lågare enn i juli 2019.

– Det er ein markant auke i antal reisande samanlikna med i fjor, både innanlands og utanlands. Årsaka kan nok i stor grad forklarast av streikane i luftfarten her i landet og utfordringane på flyplassane i Europa i fjor sommar, seier Riise.    

Flyrørsler

Det var 62 027 kommersielle flyrørsler i juli 2023. Dette er fire prosent fleire enn i juli i fjor. Om ein samanliknar med juli i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på åtte prosent.

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 11 prosent bak normalåret 2019. Talet på flyrørsler så langt i år er sju prosent bak 2019.

Framleis auke i flyging med dronar

I juli vart 1 103 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 164 prosent samanlikna med juli 2022.

– Juli er ein månad kor mange har ferie, men vi ser framleis ein sterk vekst i bruk av dronar, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.

Så langt i år er auken 120 prosent sett mot fjoråret.

– Med det passerer vi allereie i juli 2023 det totale antallet flygingar i 2022.

– Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Vi oppfordrar alle til å sette seg inn i regelverket før dei flyr. Vi viser til www.avinor.no/droner kor reglane kjem tydeleg fram, seier Knutsen.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Fotokilde: C Mauritius)

Michelinfestival på Mauritius

Två miljoner har rest med Viking Glory som kryssar från Stockholm till Åland och Åbo varje kväll (Foto: Viking Line)

Två miljoner har rest med Viking Glory

Familie på sommerferie i syden (Bildekilde: Ticket)

Hit reiser vi i sommer – de mest populære reisemålene

(Illustrasjon:  PES-Architects Ltd)

Strawberry etablerer seg i Åbo, Finland

KLM - Embraer 190 - Billund

Passasjernedgang og fraktøkning i Billund lufthavn