logo-white

Avinors trafikktal i september – ingen auke frå i fjor

4,5 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i september. Dette er same tal som september i fjor, men 10 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

Totalt 4.5 millionar reiste over Avinor sine flyplasser i september. 2.6 millionar var innanrikspassasjerar, medan 1.8 millionar reiste med utanlandsflyene (Foto: Øystein Løwer / Avinor)

– Utviklinga i september har gått litt svakare enn kva vi forventa ved inngangen av månaden. Det kan være ein effekt av at auka renter begynner å treffe marknaden. Sjølv om alle rentehevingane ikkje har slått inn på lommeboka enno, er det nok fleire som har blitt litt meir forsiktige gitt det siste årets utvikling, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

Passasjertal

2 620 420 passasjerar reiste innanlands i september. Dette er fem prosent færre enn i september 2022 og åtte prosent færre enn i september 2019.

Trafikken utanlands, med 1 835 391 passasjerar, har auka med åtte prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 13 prosent lågare enn i september 2019.

– Sommarutfarten er over, og vi går inn i ein roligare periode trafikkmessig. Overgangen til seinsommar og no haust har vist at sesongvariasjonane er blitt meir markante enn før pandemien. Det er altså større skilnader frå midtsommar til september no enn tidligare, den relative skilnaden er forventa å tilta inn i vintermånadene, seier Riise.

Flyrørsler

Det var 56 138 kommersielle flyrørsler i september. Dette er seks prosent færre enn i september i fjor. Samanlikna med september i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på ni prosent.

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 10 prosent bak 2019.

Talet på flyrørsler så langt i år er sju prosent bak 2019.

80 prosent auke i flyging med dronar

I september vart 1781 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone – Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 80 prosent samanlikna med september i 2022.

– Så langt i år er auken 108 prosent sett mot fjoråret. Vi går no inn i eit par månader med dårlegare vêr, og ein kan forvente at bruken vil falle, kontra dei travle sommarmånadene, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.

– Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Hittil i år har Avinor registrert fleire enn 1000 ulovlege flygingar i flyforbudsområdene som er etablert rundt lufthamnene. Vi oppmodar alle til å setje seg inn i regelverket før dei flyr. På www.avinor.no/droner kjem reglane tydeleg fram, seier Knutsen.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

1,9 millioner nordmenn skal til utlandet i sommer (Fotokilde. Fremtind)

Dyrtid: Forsikringen dekker ikke kalde reiseføtter

(AI-generert illustrasjon)

Hvordan luftfotografering revolusjonerer kunst og design

(kilde: travelmarket.dk)

Prisfald på flybilletter til oversøiske rejsemål

(Fotokilde: BWH Hotels)

Velkommen til mathotellet i Steinkjer

(Foto: Eva Darron på Unsplash)

Slik finansierer du reisene dine ved å spille nettpoker