logo-white

Avinors passasjertal for oktober – nær jamt med fjoråret

4,5 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i oktober. Det er tilnærma jamt med fjoråret med ein auke på 1,5 prosent. Det er framleis åtte prosent færre enn i normalåret 2019. 

Passasjertala på Avinor sine flyplassar ligg framleis åtte prosent under 2019 – det siste normalåret før pandemien (Foto/rettigheter: Mikkel Moxness/Avinor)

– Passasjertala for oktober landa 1,5 prosent over fjoråret, der innanlandstrafikk gjekk svakt ned medan utanlandstrafikken dreiv utviklinga med ein auke på fem prosent mot 2022. Innanlandstrafikken er framleis prega av lågare kapasitet enn fjoråret då Flyr også opererte innanriks i Noreg, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor. 

Talet på flyrørsler er tre prosent lågare enn i oktober 2022, og ni prosent lågare enn i oktober 2019. 

– Utanlandstrafikken er prega av store skilnader mellom landa. Trafikken til Spania går noko ned frå fjoråret, men ligg framleis sju prosent over 2019-nivå, noko som gjer landet til det største destinasjonslandet for Avinor. Italia, Hellas, Tyskland og Polen viser også god vekst. På den andre sida har trafikken til nabolanda våre, Sverige og Danmark, falle kraftig samanlikna med 2019, og er i oktober ned respektive 21 og 12 prosent, held Riise fram. 

– Vi ser også at talet på reisande som ikkje er busett i Norge no er tilbake på same nivået som før pandemien, sjølv om den asiatiske marknaden framleis ligg langt bak. Dette er ei utvikling som er svært positiv for reiselivet i Noreg, og ei utvikling vi forventar at vil forsterke seg videre framover. Ei svak norsk krone er sjølvsagt positiv for denne eksportmarknaden, men uavhengig av den forventar vi ei positiv utvikling innan dette segmentet, avsluttar Riise. 

Passasjertal 

2 674 198 passasjerar reiste innanlands i oktober. Det er 1 prosent færre enn same månad i fjor, og åtte prosent færre innanlandsreisande enn i oktober 2019. 

Med 1 816 374 utanlandsreisande i oktober, auka trafikken til og frå utlandet med fem prosent i oktober 2023 samanlikna med oktober 2022. Det er framleis ni prosent færre enn same månad i 2019. 

Flyrørsler 

Det var 56 535 kommersielle flyrørsler i oktober. Det er tre prosent færre enn i oktober førre året. Samanlikna med oktober 2019 var det ni prosent færre flyrørsler i oktober i 2023. 

Hittil i år samanlikna med 2019 

Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i 2019. 

Talet på flyrørsler så langt i år ligg ni prosent bak 2019.

Fleire relaterte nyhende finnes HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

1,9 millioner nordmenn skal til utlandet i sommer (Fotokilde. Fremtind)

Dyrtid: Forsikringen dekker ikke kalde reiseføtter

(AI-generert illustrasjon)

Hvordan luftfotografering revolusjonerer kunst og design

(kilde: travelmarket.dk)

Prisfald på flybilletter til oversøiske rejsemål

(Fotokilde: BWH Hotels)

Velkommen til mathotellet i Steinkjer

(Foto: Eva Darron på Unsplash)

Slik finansierer du reisene dine ved å spille nettpoker