logo-white

Avinor i januar: Vekst utanlands og flat utvikling innanlands

3,3 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i januar. Det er ein auke på to prosent frå januar i fjor

Oslo lufthavn hadde 1.595.044 passasjerar i januar, noko som er ein auke på ein prosent mot same månad i 2023 (Foto: Foto: Mikkel Moxness)

Året starta sterkt med ei god utvikling i talet på utanlandsreisande mot same månad i fjor, med ein vekst på heile sju prosent. Talet på innanlandsreisande hadde ein nedgang på ein prosent. Dette er eit framhald av trenden frå fjoråret der utanlandstrafikken dreiv utviklinga, medan innlandstrafikken flata ut.

Vinterveret i januar har prega innanlandstala med mange innstillingar. Fleire har truleg valt å utsetje planlagde reiser.

– Vi ser særleg ei auka interesse for enkelte delar av vinterproduktet som Noreg kan tilby. Vi ser særleg ein internasjonal etterspurnad til Tromsø lufthamn, der vi i januar opplevde ein passasjervekst på utanlandsrutene på heile 126 prosent målt mot fjoråret, fortel direktør for Trafikkutvikling i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– For 2024 samla, står Avinor fast ved tidlegare kommuniserte prognosar, der vi ventar ein vekst innanlands på om lag 1,5 prosent og utanlands fem prosent, avsluttar Riise.

Passasjertal 

1.997.280 passasjerar reiste innanlands i januar. Dette talet er ein prosent lågare enn for same månad i fjor. Med 1.220.438 utanlandsreisande i januar, auka trafikken til og frå utlandet med sju prosent samanlikna med januar i 2023.

Januartala for dei seks største lufthamnene:

Bergen lufthavn, Flesland: Innanriks 276.380 – som i 2023, Utanriks 128.382 – pluss fem %, helikoptertrafikk offshore 13.070 – minus to % – Totalt 418.906 – som i 2023.

Bodø lufthavn: Innanriks 226.041 – som i 2023, utanriks 3.676 – pluss 48 % – Totalt 111.854 – minus ein %

Oslo lufthavn Gardermoen: Innanriks: 418.906 – minus ein %, utanriks 855.526 – pluss tri % – Totalt 1.595.044 – pluss ein %

Stavanger lufthavn Sola: Innanriks 160.373 – pluss ein %, utanriks 92.118 – pluss ni %, helikoptertrafikk offshore 17.096 – minus sju % – Totalt 269.720 – pluss tri %

Tromsø lufthavn, Langnes: Innanriks 153.512 – minus to %, utanriks 61.590 – pluss 126 % – Totalt 226.041 – pluss 17 %

Trondheim lufthavn, Værnes: Innanriks 225.761 – minus to %, utanriks 45.885 – pluss ni % – Totalt 277.023 – pluss ein %

Flyrørsler 

Avinor hadde 50 245 kommersielle flyrørsler i januar. Det er fem prosent færre enn i januar i 2023. [RS1] [FF2] 

Fleire relaterte nyhende finns HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Emirates Boeing 777-300ER på Oslo lufthavn Gardermoen (foto: ©otoerres)

Historisk ørkenstorm påvirker flytrafikken i Dubai

(Foto: TUI)

Salget av fleksible reiser til sol og bad går i taket

Kostnadsexplosion för skadereparationer i Norge

Golf - Mallorca - Balearene - Spania

Spill golf hele året på Mallorca

Frilager er en utstyrssentral som har alt til turen. Du som privatperson, skole, lag eller organisasjon kan leie kano, telt, fiskeutstyr, turutstyr, kajakk, skiutstyr, skøyter og mye mer (Foto: Marius Dalseg)

Enklere å låne utstyr til friluftsliv