logo-white

Raskare framdrift i togtrafikkpakkane: Jernbanedirektoratet kunngjer konkurransen om Trafikkpakke 4 allereie no

– Erfaringane frå dei to fyrste konkurransane om trafikken på Sørlandsbanen og på strekningane i nord, er gode. Togtilbodet blir minst like bra som i dag, samstundes som staten skal bruke vesentleg mindre skattepengar på å kjøpe togtilbod enn før. Det er difor all grunn til å halde god framdrift i konkurransane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Jernbanedirektoratet har orientert Samferdselsdepartementet om at dei har offentleggjort trafikkpakke 4 for konkurranse i dag. Trafikkpakken omfattar fleira av togtilboda i Austlandsområdet og inneheld følgjande strekningar:

  • L1 (Spikkestad — Lillestrøm)
  • L 2 (Stabekk — Ski)
  • L21 (Stabekk — Moss)
  • L22 (Skøyen — Mysen)
  • R20 (Oslo S-Halden)
  • L3 (Oslo S — Jaren)
  • R30 (Oslo S — Gjøvik)

Eit krav i regelverket er at direktoratet kunngjer konkurransen seinast 12 månadar før direktoratet sender ut grunnlaget for konkurransen. For å halde tempoet oppe og for å gi seg sjølve meir fleksibilitet tidsmessig og samstundes gje tilbydarane betre tid, vel direktoratet å offentleggjere kommande trafikkpakker for konkurranse i dag. Tildeling av kontrakt for trafikkpakke 4 vil etter planen finne stad før hausten 2021. Trafikkstart er sett til desember 2022, samstundes med opninga av Follobanen.  

Fordel med betre tid

Trafikkpakke 4 er stor og inneheld eit omfattande togtilbod. Det er mellom anna planlagt å leggje om rutetilbodet på Østfoldbanen i samband med opninga av Follobanen i desember 2022. Dette vil krevje auka ressursinnsats i form av fleire tog og rekruttering av togpersonell.

Tilbydarar i Trafikkpakke 1: Sør og Trafikkpakke 2: Nord, har i tilbakemelding til direktoratet gitt uttrykk for at tida frå tildeling til oppstart har vore knapp i dei fyrste trafikkpakkane, og at det er ein fordel for vinnande togoperatør om oppstartsperioden er lengre enn eitt år. Det er hovudårsaka til at jernbanedirektoratet kunngjer konkurransen om trafikkpakke 4 allereie no. Forlenging av perioden før trafikkstart kan gjere at fleire togselskap vil delta i konkurransen om trafikkpakka.  

Tek atterhald om budsjettbehandling i Stortinget

Regjeringa vil leggje fram planar for dei komande  trafikkpakkene i statsbudsjettet for 2020. Direktoratet vil oppdatere kunngjeringa dersom det er behov for dette etter Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2020.

Relaterte saker: SJ Norge skal kjøre togene nordover (juni 2019) – Go-Ahead skal drive Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen (oktober 2018)

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Øyas minste bodega: Agustín Cabrera León lager prisvinnende røde- og hvite viner. Det er hardt arbeid, men veldig gøy! sier han (Foto: Canary Islands Tourism)

Vinruter skal bli Kanariøyenes nye turistattraksjon

(Bildkälla: FREEDOMtravel)

Stort intresse för cityguider – dessa läses mest på FREEDOMtravel

(Foto: Qatar Airways Cargo)

Qatar Airways Cargo hever standarden for dyretransporter

Plakat fra 1970-tallet (foto: hennig-olsen.no)

Hennig-Olsen Is feirer 100 år med kremen av iskrem

(Fotokilde: AVIAREPS)

AVIAREPS feirer 30-årsjubileum