logo-white

Kystverket: Skipsfarten får lågare avgifter

– Regjeringa vil styrke sjøtransporten og gjev no skipsfarten betydelege reduksjonar i sektoravgiftene for 2019. Vi er godt nøgde med at vi no reduserer sikkerheitsavgiftene med inntil 15 prosent, og at losavgifta ikkje justerast opp for pris- og lønnsvekst, påpeiker samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Regjeringa reduserer sikkerheitsavgifta med 9,1 prosent  for trafikken som dekkast av sjøtrafikksentralen på Grenland. Sikkerheitsavgifta for trafikken som dekkast av sjøtrafikksentralen på Kvitsøy, utanom den del av trafikken som skal inn til gassterminalen på Kårstø, vert redusert med 15 prosent. For dei andre sjøtrafikksentralane er avgiftssatsane moderat redusert eller uendra.

Losavgiftene er uendra frå 2018 til 2019. Dette er reelt sett ein reduksjon om ein tek høgde for normal pris- og lønnsvekst. Gunstig utvikling i inntektsgrunnlaget og moderat vekst i kostnadene har gjort det mogleg å redusere avgiftssatsane.

– Den tydelege satsinga til regjeringa på kostnadseffektive løysingar gir no positive resultat for heile nærskipsfarten. Eg er glad for at dei naturlege svingingane i økonomien og aktivitetsnivået for skipsfarten også dreg i riktig retning, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.     

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Hele luftfartsindustrien står overfor en spennende og nødvendig transformasjon. Rundt 2035 vil såkalte nullutslippsfly med en kapasitet på rundt 75 seter begynne å komme ut på markedet, drevet av for eksempel elektrisitet og hydrogen (Fotokilde: Air France KLM)

KLM vinner pris for «Årets strategiske investering» innen bærekraft

(Foto: Jessica Claren)

20 kulinariske nyheter på svenskekysten

(Foto: Saudi Tourism Authority)

Reisetips: AIUla i Saudi-Arabia

Den nye ruteåbning vækker smil hos repræsentanter fra både airBaltic og Billund Lufthavn (Foto: Billund Airport)

airBaltic udvider i Billund Lufthavn med rute til Tallinn

The Fjords DA har motteke fleire prisar for sine tre innovative fartøy i Vision-klassen. To av desse går på Nærøyfjorden, medan det tredje fartøyet opererer i Oslofjorden. Selskapet har i tillegg aktivitet med fleire båtar i Geiranger og Hardanger (Foto: Sverre Hjørnevik)

Norway’s Best Group blir eineeigar i The Fjords