logo-white

Utval som skal sjå på norsk luftfart oppnemnt

Eit offentleg utval skal no vurdere kva konsekvensar globaliseringa innan luftfarten har for arbeidstakarar, flytryggleik og miljø. Utvalet skal også vurdere tiltak som kan gje større konkurranse på kortbanenettet. Utvalet blei oppnemnt i statsråd i dag, og skal leiast av direktør Sverre Quale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

– Regjeringa er opptatt av å sikre god mobilitet for folk og næringsliv. For store deler av næringslivet er eit godt flytransporttilbod avgjerande for fortsatt drift, og for mange menneske er det avgjerande for at dei skal kunne bu der dei ønskjer. Med dette utvalet vil vi få eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidig politikkutforming på luftfartsområdet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Utvalet er breitt samansett, og har kunnskap om dei ulike tema utreiinga skal dekke. Det har medlemmer frå uavhengige fagmiljø og representerer ulike interesser knytt til luftfart, mellom annen frå både arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.

Utvalet skal levere rapport til Samferdselsdepartementet innan 1. desember 2019.

Utvalet har desse medlemmene:

  • Direktør Sverre Quale, Trondheim (leiar for utvalet)
  • Professor Svein Bråthen, Molde
  • Forbundsleiar LO Yngve Carlsen, Ski
  • Seniorforskar  Merethe Dotterud Leiren, Oslo
  • Direktør NHO Luftfart Torbjørn Lothe, Nesodden
  • Leiar Parat Kabinforbund Anneli Nyberg, Stjørdal
  • Spesialrådgjevar NHO Luftfart Camilla Rise, Drøbak
  • Strategidirektør Margrethe Snekkerbakken, Oslo
  • Professor Frode Steen, Bergen
  • Leiar for prosjekt og strategiske prosessar Jan Petter Steinland, Bodø
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: VisitTampaBay/ Rob Harris)

Gratis i Tampa Bay

(Foto: Ministry of Heritage and Tourism Sultanate of Oman)

St. Regis åpner hotell i Muscat

(fotokilder: fundaciomallorcaturisme.net/related.dk)

Lær mer om lokal keramikk på Mallorca

Se utover store deler av Norge fra Gaustatoppen på 17. mai! (Foto: Guro Skaara)

Anbefalte turer for fridager og nasjonaldagen

Øyas minste bodega: Agustín Cabrera León lager prisvinnende røde- og hvite viner. Det er hardt arbeid, men veldig gøy! sier han (Foto: Canary Islands Tourism)

Vinruter skal bli Kanariøyenes nye turistattraksjon