logo-white

Staten sel ikkje Mesta nå

Nærings- og fiskeridepartementet har på bakgrunn av dei boda som har kome, vedtatt ikkje å selje Mesta i denne omgang. Departementet har gjennomført ein prosess for mogleg sal av statens aksjar i Mesta AS basert på fullmakt frå Stortinget.

Monica Mæland (Foto Hans Jørgen Brun)
Monica Mæland (Foto Hans Jørgen Brun)

– Eg trur eit selskap som Mesta normalt vil utvikle seg best med private eigarar. Vi starta difor ein prosess for sal. Det har vore brei interesse, men dei boda vi har fått er slik eg ser det betydeleg lågare enn verdien på selskapet. Staten sine forventningar til pris er dermed ikkje innfridde. Difor har eg landa på ikkje å selje Mesta nå, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Mesta AS er det leiande entreprenørselskapet i Noreg innafor drift og vedlikehald av veg og bane. Konsernet har om lag 1500 tilsette og hovudkontor på Lysaker. Selskapet omset for i underkant av fire milliardar kroner i året.

Regjeringas eigarskapsmelding «Eit mangfaldig og verdskapande eigarskap» understrekar at fullmakt til sal ikkje inneber at staten må selje.

– I tråd med meldinga skal vi sjølvsagt ikkje selje til for låg pris, seier Mæland.

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 100 prosent av aksjane i Mesta AS. Statens eigarskap er utelukkande forretningsmessig. Det betyr at staten skal få mest mogeleg igjen for pengane vi har investert, og at selskapet bruker sine mogelegheiter til utvikling og vekst. Departementet vil i tida som kjem legge enda meir vekt på dette i utviklinga av selskapet enn tidlegare, i nær dialog med styret.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Fotokilde: Air France KLM)

Air France og KLM: Lojalitetsprogrammet Flying Blue, lanserer en unik statusmatch i Norge

– Lefkas er en av Hellas mest uberørte øyer. Til tross for at øya er lett tilgjengelig med bilferje fra fastlandet, er det ennå ikke så mange turister som har oppdaget denne perlen, sier kommunikasjonssjef i TUI Norge, Anne Mørk-Løwengreen (Foto: TUI)

To nye greske perler tilgjengelige med TUI

(Fotokilde: Norwegian Air Shuttle)

Norwegian-konsernet fraktet 2,2 millioner passasjerer i april

(Ill. foto: ©otoerres)

Sammenbrudd i Avinor-forhandlingene

(Foto: Radisson Hotel Group)

Nye Radisson Blu Scandinavia Hotel, København