Dampbåten D/S Bjoren blir freda

Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.

– Dampbåten D/S Bjoren er ein viktig del av Noregs historie. Gjennom fredinga av Bjoren tek me vare på eit levande kulturminne og ei viktig forteljing om samferdsel, teknologi og daglegliv i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. 

– At dampbåten framleis er i bruk kvar sommar, til glede for turistar og lokalsamfunn, er eit viktig døme på korleis ein kan ta vare på kulturminne gjennom bruk, legg han til. 

Eit levande kulturminne 

D/S Bjoren er ein av dei siste vedfyrte, flytande dampbåtane i Noreg, og representerer tidleg samferdsle på Sørlandets innsjøar.

Båten vart bygd i 1867 ved Akers Mekaniske Verksted og har i hovudsak vore i drift på Byglandsfjorden. 

– Bjoren er det 17. fartøyet som vi gjer den høgthengande statusen som freda skip for sin store nasjonale verdi. Den er òg berre det femte av dei freda skipa som seilar i ferskvatn, seier riksantikvar Hanna Geiran.  

– Den er eit sjeldan døme på eit fartøy med svært lang og samanhengande historie på same staden. Fredinga sikrar at denne historia lev vidare også i framtida, seier Geiran.  

Gjennom fleire tiår var Bjoren ein sentral del av transportsystemet i Setesdal, og fungerte som eit viktig bindeledd mellom kyst og innland.

– Saman med jernbanen spelte dampbåtane ei avgjerande rolle i utviklinga av samferdsla i Noreg, og Bjoren er eit levande vitne om denne historia. Båten er framleis i drift i dag, og fraktar passasjerar kvar sommar, seier fylkesordførar i Agder, Arne Thomassen.

Heider til frivillig innsats 

Fredinga er òg ei anerkjenning av innsatsen til dei mange frivillige og eldsjelene som gjennom fleire tiår har teke vare på fartøyet. 

– Det er takka vere denne innsatsen at Bjoren framleis er eit levande kulturminne, til glede for både innbyggjarar og tilreisande, seier dagleg leiar ved Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira. 

Les meir om dampbåten Bjoren HER og om Setesdal HER

For flere relaterte nyheter og artikler – klikk på lenkene: FREDET AV RIKSANTIKVARENKULTURMINNERRIKSANTIKVARENSAMFERDSELSHISTORIESETESDALSØRLANDETVETERANBÅTER