Fleire flyr – utanlandstrafikken driv veksten i mars

I mars reiste om lag 4,43 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på fire prosent samanlikna med same månad i fjor. Utviklinga heng saman med at fleire flyr til og frå utlandet, medan talet på innanlandsresande óg hadde ein moderat vekst.

Talet på utanlandsreisande auka med 6,4 prosent i mars samanlikna med fjoråret, medan talet på innanlandsreisande steig med rundt to prosent. Totalt viser tala at fleire reiser både innanlands og til utlandet. Bilete frå Oslo Lufthamn (Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Høgare passasjertal og færre flyrørsler

Sjølv om passasjertala for alle Avinor sine lufthamner auka i mars, gjekk talet på flyrørsler noko ned. I mars blei det registrert om lag 58400 flyrørsler, ein reduksjon på rundt 2,4 prosent samanlikna med fjoråret. Dette indikerer at flya i gjennomsnitt hadde fleire passasjerar per avgang enn tidlegare og dermed høgare kabinfaktor.

– Tala for mars viser ei vidare utvikling i passasjertala, særleg driven av internasjonale reiser. Flygingar til Midtausten har vore sterkt påverka i mars, men i dei overordna tala er ikkje dette synleg, noko som tyder på at trafikken til dels har flytta seg. Samstundes ser vi at innanriksmarknaden har ei jamn utvikling, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.

Oversikt: Trafikktal mars 2026 (Kjelde: Avinor)

Passasjertala førebels lite påverka av krig i Midtausten

Passasjertala for mars synes å vere lite påverka av krigsutbrottet i Midtausten. Samstundes må vi legge til grunn at mykje av trafikken og billettsalet var gjort før krigshandlingane starta og drivstoffsituasjonen endra seg dramatisk. Avinor følgjer utviklinga tett. Me legg til grunn at både uavklart sikkerheitspolitisk situasjon og potensielt høge drivstoffprisar framover, vil kunne påverke reiseaktiviteten.

Bergen lufthamn med sterkaste vekst blant dei største lufthamnene

Bergen lufthamn Flesland hadde i mars den sterkaste passasjerveksten blant landets største lufthamner. Over 541000 passasjerar reiste via Bergen i løpet av månaden, noko som er nær seks prosent fleire enn i mars i fjor.

Veksten var særleg høg blant utanlandsreisande, som auka med meir enn 13 prosent, medan talet på innanlandsreisande òg hadde ein tydeleg oppgang. Dermed styrkjer Bergen si rolle som ei sentral lufthamn for både Vestlandet og internasjonale reiser.

– Utviklinga i Bergen speglar både auka internasjonal etterspurnad og jamn aktivitet i innanriksmarknaden. Det gir eit godt bilete av trafikkmønsteret i regionen, seier Skallerud Riise.

Her er tal frå dei største lufthamnene (DSL) og dei regionale lufthamnene (DRL):

MarsHittil i år
Lufthamn20252026Endring20252026Endring
Oslo2 104 0002 166 0003 %5 654 0005 827 0003 %
Bergen511 000535 0005 %1 368 0001 415 0003 %
Trondheim366 000354 000-4 %941 000932 000-1 %
Stavanger322 000325 0001 %862 000868 0001 %
Sum DSL3 302 0003 380 0002 %8 825 0009 041 0002 %
Tromsø294 000307 0005 %838 000934 00011 %
Andre DRL671 000714 0006 %1 789 0001 896 0006 %
Sum DRL965 0001 021 0006 %2 627 0002 829 0008 %
Avinor sum4 267 0004 402 0003 %11 452 00011 871 0004 %

Flyselskapa startar opp sommaren med kjente og fleire nye destinasjonar

Siste helga i mars markerer overgangen til flyselskapa sine sommarprogram, noko som medfører auka aktivitet ved flyplassane. I tillegg til fleire avgangar og tilbakekomst av kjente sommardestinasjonar, byr sommarprogrammet i år også på fleire nye destinasjonar.

– Det er gledeleg å sjå at ruteprogrammet blir utvida til glede for privatpersonar, reise- og næringsliv i heile landet, held Skallerud Riise fram.

Sjå alle dei nye destinasjonane her – klikk for større bilete:

Droneflyging aukar om våren

I mars vart 2316 droneplanar registrerte. Dette er ein auke på to prosent frå mars i fjor, og heile 800 fleire enn i februar.

– Fleire flyg drone når veret blir betre, difor ser ein at tala aukar rundt påske. Vi veit òg at sommaren er høgsesong for droneflyging, seier Mats Gjertsen, leiar for Avinor sitt droneprogram.

– Vi er glade for at mange flyg drone lovleg, og oppmodar alle om å halde fram med dette når vi går mot lysare dagar og endå betre droneforhold, avsluttar Gjertsen.

For fleire relaterte nyhende – klikk på lenkjene: AVINOR – DESTINASJONER –  DRONER – FLYPLASSAR – FLYTRAFIKK – NYE FLYRUTERPASSASJERSTATISTIKKER – SAMFERDSLE