Auke i ansvarleg droneflyging
I mai vart det meldt inn 3478 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar.
– For aller første gong har det vore fleire enn 3000 innmelde droneplanar i Ninox Drone på ein månad, fortel Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor.
Dette er ein auke på 17 prosent samanlikna med mai i fjor, og heile 30 prosent så langt i år mot same periode i fjor.
– Dette seier oss at stadig fleire droneoperatørar vel å fly på ein ansvarleg måte, ved å registrere droneflyginga si og dermed gjere ho synleg for andre. Dette er til stor motivasjon for oss i arbeid vårt med ei trygg integrering av dronar i luftrommet. Vi håper dette er ein trend som vil halde fram, særskild no som høgsesongen for dronar er i full gang, avsluttar Mats Gjertsen.











