
Trafikktala i mai på same nivå som i fjor

4,5 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i mai månad. Dette er same nivå som i mai 2024.

Talet på utanlandsreisande er stabilt. 1,9 millionar har reist til og frå Noreg i mai. Samla for alle Avinor sine lufthamner har det vore éin prosent færre utanlandsreisande i mai i år enn i mai i fjor. Så langt i år har det vore seks prosent auke i talet på reisande utanlands samanlikna med same periode i 2024. 2,5 millionar har reist innanlands i mai. Det er det same som i mai 2024. Så langt i år veksten vore tri prosent samanlikna med same periode i fjor.
Heilagdagar i mai
– Mai er, som alltid, prega av plasseringa av heilagdagar. Dette verkar inn på trafikken flytrafikken både innan- og utanlands. På Bergen lufthamn har rullebanen vore reasfaltert i mai. I store delar av mai har rullebana vore stengd for flytrafikk mellom kl. 19.00 og 07.00 i vekedagane. Dette har gitt ein nedgang i talet på flygingar og passasjerar for Bergen lufthamn, og dette skaper også ringverknader for andre lufthamner i Avinor-nettverket, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
– Vi står no framfor høgsesongen for fritidsreiser. I perioden juni–august ventar vi vekst i talet på reisande på to prosent utanlandsreisande og éin prosent innanlandsreisande, samanlikna med fjoråret. Det vil vere mange travle dagar på lufthamnene våre, og fredag 20. juni er venta å bli den største utfartsdagen denne sommaren, held Riise fram.
Flyrørsler
Det har vore 55.000 kommersielle flyrørsler i mai. Dette er ei lita auke frå mai i fjor. Så langt i år er det ein auke i flyrørsler på to prosent.
Auke i frakt
– Også når det gjeld frakt held auken fram, med 12,4 prosent vekst i mai og 7,9 prosent til no i år, samanlikna med mai i fjor. Sjømateksport er dominerande for utgåande frakt, medan importen held fram å vere driven av e-handel frå Asia, avslutter Riise.
Les også: Auke i ansvarleg droneflyging










