4,3 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i april. Dette er ein auke på tre prosent samanlikna med april i 2024.

2.209.000 reisande nytta Oslo lufthamn i april mot 2.123. 000 same månad i fjor. Det er ei auke på fire prosent (Foto: Avinor)

Talet på utanlandsreisande veks framleis kraftig. Samla for alle Avinor sine lufthamner har det vore elleve prosent auke i talet på utanlandsreisande i april. Så langt i år har det vore åtte prosent auke.

Innanlands er det éin prosent færre reisande, om ein berre ser på april, men så langt i år har det vore vekst på fire prosent.

– April vart prega av at påska i år fall på denne månaden, mot mars i fjor. Dette påverkar talet på utanlandsreisande positivt og innanlandstrafikken negativt, isolert sett, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

– Ser ein på første tertial (januar – april) som gir eit betre perspektiv på utviklinga, ser ein at den positive trenden med ein voksande utanlandsmarknad held fram. Det er tilreisande til Noreg som er den sentrale drivkrafta bak denne auken. Det er òg positiv utvikling innanlands. Samla ser vi ein vekst på heile fem prosent i perioden januar til og med april, seier Riise.

Flyrørsler

Det var 52.458 kommersielle flyrørsler i april. Dette er tre prosent færre enn i april  i 2024, men så langt i år er det ein auke i flyrørsler på to prosent.

Store skilnader mellom lufthamnene

Det er tre prosent fleire reisande i april i år samanlikna med i fjor på alle Avinor sine lufthamner. Dei fire største (DSL= Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger) aukar også med til saman tre prosent.

Dei regionale lufthamnene (DRL =resten av lufthamnene) har ein samla auke på seks prosent i april. Tromsø aukar med heile 14 prosent samanlikna med april førre året.

Her er tal for dei store, og samla for dei mindre lufthamnene:

AprilHittil i år
Lufthamn20242025Endring20242025Endring
Oslo2 123 0002 209 0004 %7 499 0007 863 0005 %
Bergen527 000543 0003 %1 870 0001 912 0002 %
Trondheim346 000342 000-1 %1 236 0001 283 0004 %
Stavanger328 000321 000-2 %1 185 0001 183 0000 %
DSL sum3 324 0003 416 0003 %11 790 00012 241 0004 %
Tromsø178 000202 00014 %878 0001 040 00018 %
DRL andre646 000670 0004 %2 287 0002 458 0007 %
DRL sum824 000872 0006 %3 165 0003 498 00011 %
Avinor sum4 148 0004 288 0 003 %14 954 00015 738 0005 %

Auke i frakt

Også når det gjeld frakt held auken fram, med 18 prosent vekst i april samanlikna med april i fjor.

Fleire tidligare nyhende finns HER og HER