
Sju prosent fleire reisande på Avinor sine lufthamner

4,2 millionar reisande nytta seg av Avinor sine lufthamner i mars månad. Dette er ein auke på sju prosent samanlikna med mars i 2024.

Samla for alle Avinor sine lufthamner er det ti prosent auke i talet på innanlandsreisande, og to prosent auke i utanlandsreisande, men det er store skilnader mellom lufthamnene.
Aprilpåske påverkar mars-tala
– I år kjem påska i april, medan ho var i mars i fjor. Dette påverkar passasjertala for mars.
Påsketrafikken er normalt prega av ein svak innanlandsmarknad og tilsvarande sterk utanlandsmarknad. Dette forklarer den kraftige veksten vi ser på innland i mars i år, på heile 10%, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikktutvikling i Avinor.
– Samstundes ser vi ein svakere vekst i utanlandstrafikken enn i de siste månedene, men om ein tek omsyn til påskeeffekten ser vi at det framleis er underliggjande god vekst i utanlandstrafikken også i mars, seier Riise.
Hittil i år er talet på utanlandsreisande sju prosent høgare enn i same periode i 2024, sjølv om påska ikkje er i første kvartal.
Meir flyfrakt og god utnytting av kapasiteten
Fraktvolumet held fram på eit høgt nivå, med ein vekst på 20% i mars. Import som kjem inn med fly aukar, og ledig kapasitet på ruteflya blir fylt meir enn tidlegare år.
– Frakt er eit viktig bidrag for å utvikle rutetilbodet ved Oslo lufthamn. Vi opplever at lufthamna i større grad blir brukt som knutepunkt for fraktmarknaden, som er med på å styrke ruteutviklinga gjennom betre lønsemd for flyselskapa, avsluttar Riise.
Kommersielle flyrørsler aukar
Det var 53.029 kommersielle flyrørsler i mars, ein auke på åtte prosent frå mars i 2024.
Framleis størst vekst for dei mindre lufthamnene
Ser vi på dei store lufthamnene; Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger (DSL), er fleire reisande i mars, men aller størst auke for Trondheim lufthamn, Værnes.
Tromsø lufthamn har stadig aukande tal på reisande, med heile 18 prosent i mars i år, samanlikna med mars i fjor. Dei regionale lufthamnene (DRL) har ei samla auke på 12 prosent i mars.
Mars | Hittil i år | |||||
| Lufthamn | 2024 | 2025 | Endring | 2024 | 2025 | Endring |
| Oslo | 2 018 000 | 2 103 000 | 4 % | 5 375 000 | 5 653 000 | 5 % |
| Bergen | 487 000 | 511 000 | 5 % | 1 344 000 | 1 368 000 | 2 % |
| Trondheim | 323 000 | 366 000 | 13 % | 890 000 | 941 000 | 6 % |
| Stavanger | 311 000 | 322 000 | 3 % | 857 000 | 862 000 | 1 % |
| DSL sum | 3 140 000 | 3 302 000 | 5 % | 8 465 000 | 8 824 000 | 4 % |
| Tromsø | 248 000 | 294 000 | 18 % | 700 000 | 838 000 | 20 % |
| DRL andre | 612 000 | 671 000 | 10 % | 1 641 000 | 1 788 000 | 9 % |
| DRL sum | 860 000 | 964 000 | 12 % | 2 341 000 | 2 626 000 | 12 % |
| Avinor sum | 3 999 000 | 4 266 000 | 7 % | 10 806 000 | 11 450 000 | 6 % |










