
The Fjords utvidar til tre heilelektriske fartøy på Nærøyfjorden frå 2026

Selskapet The Fjords har bestilt sitt fjerde fartøy av det prisvinnande Seasight-designet frå skipsverftet Brødrene Aaa i Hyen. Det nye fartøyet skal leverast til sommarsesongen 2026 og skal gå på Nærøyfjorden saman med søsterfartøya Future of The Fjords og Legacy of The Fjords. Med dette vil selskapet ha tre heilelektriske fartøy i trafikk på den unike verdsarvfjorden.

– Vi er utruleg stolte og glade for igjen å kunne utvide flåten vår på Nærøyfjorden, og ser veldig fram til å lansere vårt tredje nullutslepps fartøy der i 2026. Vi opplever aukande popularitet for vår aktivitet på Nærøyfjorden. Med det nye fartøyet gir vi enno fleire besøkande moglegheita til å oppleve verdas vakraste fjordlandskap i lydlause, nullutslepps fartøy. Kva som blir namnet på det nye fartøyet har vi enno ikkje bestemt, seier dagleg leiar i The Fjords, John Vonli.
I mai 2024 kjøpte reiselivskonsernet Norway’s best Group AS (NBG) Havila sin 50% andel i The fjords og vart med det 100% eigar av selskapet. The Fjords har i dag aktivitet i Nærøyfjorden, i Geiranger og i Oslo.
– Sidan det første Seasight-fartøyet til The Fjords kom i trafikk i 2016, har selskapet vist veg i framtidas fjordbaserte reiseopplevingar. Når vi no investerer i det fjerde fartøyet i denne klassen, så betyr det ei ytterlegare styrking av vår grøne profil. Samtidig gir dette oss auka fleksibilitet til å utvikle høgkvalitets fjordopplevingar også andre stader i Norge, på tider av året når kapasitetsbehovet på Nærøyfjorden er mindre, seier konsernleiar i Norway’s best Group AS, Per Brochmann.








