Speedbåt - Fritidsbåt - Fartsgrenser på sjøen - Straffereaksjoner - Samferdselsdepartementet

Forenkla førelegg for brot på fartsgrenser til sjøs gjeninnføres

Ved innføringa av ny havne- og farvannslov kunne brot på fartsgrenser til sjøs ikkje straffast med forenkla førelegg. No føreslår Samferdselsdepartementet igjen å innføre denne moglegheita for politiet.

Speedbåt - Fritidsbåt - Fartsgrenser på sjøen - Straffereaksjoner - Samferdselsdepartementet
– Gjeninnføringa av forenkla førelegg gjer det enklare å handheve brota for politiet, og bidreg forhåpentlegvis til at fleire held fartsgrensa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. (Foto: Tor Livius Midtbø/SD)

– Trafikktryggleik til sjøs er like viktig som til lands. Difor har vi no jobba for igjen å innføre forenkla førelegg for brot på fartsgrenser til sjøs. Det gjer det enklare å handheve brota for politiet, og bidreg forhåpentlegvis til at fleire held fartsgrensa, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsdepartementet fremjar fleire føreslag til endringar i havne- og farvannsloven. Å gjeninnføre forenkla førelegg for brot på fartsgrenser er eitt av dei. I tillegg er det ønskeleg å klargjere heimelen for statleg tilsyn med kommunen sin innkrevjing av farvassavgift og å gje departementet heimel til å gi føresegn om vrakfjerning. Det er òg føreslag om enkelte mindre endringar samt språklege justeringar i nokre føresegner.